High Definition by Gopro. National Geographic top 25 hiking tour in the world.
Nytt inngangsparti på Sognefjellshytta
I oktober 2018 fekk Sognefjellshytta nytt inngangsparti i stål. Konstruksjonen veg 3,3 tonn og består av 22 10 millimeter tjukke plater.
Arkitekt: Jensen og Skodvin Rib: Finn Erik Nilsen Entreprenør: Bakke Stålprodukt Samarbeidspartner: Nasjonal Turistveg.
I 2015 vart eit mellombygg på Sognefjellshytta, i limtre og glas, opna på Sognefjellet etter at Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune og Sognefjellshytta AS hadde gått saman i eit spleiselag. Arkitekt for bygget var Jensen & Skodvin arkitektkontor AS.
Same arkitekt står òg bak inngangspartiet som er i stål, og laga av Øystein Bakke/Bakke Stålprodukter i Vågå.
I oktober 2018 vart konstruksjonen frakta opp til Sognefjellet der den nå utgjer inngangspartiet til den nye delen av hytta.
Werner Harstad i turistvegseksjonen i Statens vegvesen fortel at inngangspartiet er eit spleiselag mellom Statens vegvesen og Sognefjellshytta. Det skal fungere mot snø og is frå taket. Konstruksjonen har ei kostnadsramme på 200.000 kroner.
– Dette var eit større oppdrag enn eg er van med. Konstruksjonen veg 3,3 tonn og består av 22 10 millimeter tjukke plater, fortel Øystein Bakke.
Han måtte leige seg inn hjå Mesta i Vågå for å få plass.
– Det er om lag 200 meter med sveis og det var ei utfordring å få til med alle vinklar og tunge plater, men eg hadde god hjelp av gode arbeidsteikningar frå arkitekten, seier Bakke.
Alt gjekk som planlagt og Bakke har brukt to veker på montering i Vågå og to dagar på Sognefjellet.
Statens vegvesen har bruksrett til nybygget/mellombygget som kan brukast av vegfarande både som raste- og informasjonspunkt. Det er òg offentleg toalett i bygget.
Kjelde: fjuken.no
Tomas Bereket i form og klar for Besseggløpet 28 juni 2014
Han kommer til Beitostølen for å sette rekord på Besseggen 28. juni
Rekordtiden i herreklassen står for fall. Tomas Bereket løper for Sk Vidar og bor i Larvik. Han er fortiden en av våre aller beste motbakkeløpere. Han satser på å sette ny løyperekord i sitt 3. løp fra Memrubu til Gjendesheim. Løypetraseen er akkurat den samme som 40-50000 går hvert år. Løyperekorden for damer er Tuva Toftdahl Staver sin og er på 1.35.31. For menn er rekorden 1.16.48 og ble satt av Reidar Andersen på -60 tallet