Til deg du hei og bleike myr - Garborg, Verbaan og Undheim
Albumet «Der draumar sviv» er sett saman av 14 nye tonsetjingar av sentrale dikt i diktsyklusen Haugtussa, av Arne Garborg.
Verket skal urframførast 20. oktober i Storstova på Bryne. 4. november i Kulturkirken JAKOB i Oslo. Lenke til billettar ligg nederst på sida.
Komposisjonane er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan. Haugtussa er eit hovudverk i norsk litteratur. Skildringane av kjærleik og lengt, tru og tvil, mystikk og menneskenatur er like aktuelle no som i 1895.
Songar Jorunn Undheim vaks opp på Jæren. Knudaheio, diktarstova til Garborg, ligg på garden til foreldra hennar, og marka rundt er barndomslandskapen hennar. Like ved ligg heiene der Garborg var gjetar som barn, og minna frå den gongen var viktige då han skildra naturen i Haugtussa.
Video: Endre Haukland Veslemøy: Siri Hallbing Lyngaas
Til deg du hei og bleike myr er opningsdiktet i Haugtussa. Her får du høyre
Tarjei Nysted (nøkkelharpe, perkusjon), Krister Skadsdammen (gitar), Jan Olav Renvåg (kontrabass), Christian Svensson (trommer, perkusjon), Kjell Harald Litangen (gitar), Hildegunn Øiseth (bukkehorn), Bjørge Verbaan (tangentar), Jorunn Undheim (vokal)
Produsent: Tarjei Nysted
Billettar Bryne:
Billettar Oslo:
Haugtussa frå albumet Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar av Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim
Albumet «Der draumar sviv» er sett saman av 14 nye tonsetjingar av sentrale dikt i diktsyklusen Haugtussa, av Arne Garborg.
Verket skal urframførast 20. oktober i Storstova på Bryne. 4. november i Kulturkirken JAKOB i Oslo. Lenke til billettar ligg nederst på sida.
Komposisjonane er laga på tinging frå Nasjonalt Garborgsenter av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan. Haugtussa er eit hovudverk i norsk litteratur. Skildringane av kjærleik og lengt, tru og tvil, mystikk og menneskenatur er like aktuelle no som i 1895.
Songar Jorunn Undheim vaks opp på Jæren. Knudaheio, diktarstova til Garborg, ligg på garden til foreldra hennar, og marka rundt er barndomslandskapen hennar. Like ved ligg heiene der Garborg var gjetar som barn, og minna frå den gongen var viktige då han skildra naturen i Haugtussa.
Video: Endre Haukland Veslemøy: Siri Hallbing Lyngaas
Den fyrste singellåta Haugtussa kjem ut 13. september 2019. Der får du høyre:
Tarjei Nysted (nøkkelharpe), Krister Skadsdammen (gitar), Jan Olav Renvåg (kontrabass), Christian Svensson (trommer), Oslo Strings (strykerkvartett) Bjørge Verbaan (tangentar), Jorunn Undheim (vokal)