De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum
De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum
De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum
Attraction Location
De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum Videos
Prestegarden frå Vik. Restaureringsarbeid
Dette vakre embetsmannshuset er bygt på Grov i Vik midt på 1700- talet og var bustad for prest¬en i Vik til 1930.
Det er vel 24 meter langt og bar ei grunnflate på nær 188 m2. Huset er tømra i ein etasje med loft, og det bar teglsteinstak og utvendig bordkledning. Truleg er det bygt i 1764-67 av Jonas Daae, son til den legendariske presten Anders Daae.
Det er samanbygt av Herre¬kammeret, som var privatbustad til presten og overnattingsstad for biskopen og andre gjester, og Borgstova, der allmugen og tenarane samlast.
Gjennom dei vel 160 åra som prestebustad vart huset ombygt fleire gonger. Utvendig ma¬ling vart også endra, truleg frå raud til kvit.
Sist på 18oo-talet vart dei store romma inndelte i fleire mindre. I 1930 var huset så dårleg at presten fekk løyve av Kyrkjedepartementet til a leiga ny bustad.
Ståande tom forfall bygningen enno meir, og i 1937 gav departementet løyve til at G. F. Heiberg kunne få han overdregen til museet.
Prestegarden vart flytta til Amla i 1941, restaurert og gjenopna der i 1949. Då var han tilbakeførd opp mot si opphavlege form.
I 2005 vart huset på nytt flytta, frå Amla til Vestreim. Då vart det delt i to og frakta på trailer.
Denne filmen handlar om den siste flyttinga og dei fyrste trinna av restaureringsarbeidet..
Filmen viser og Einar Nilsson frå «Tid for hjem» på TV2 som har vore med i arbeidet med storstova. Einar sin kunnskap og arbeidet han har gjort har vore uvurderlig i denne prosessen. I filmen kan du sjå ein del av arbeidet hans og få gode tips undervegs..
Helge Willy Røed
NB! Musikken som kan høyrast i bakgrunnen her og der kjem frå ein radio i nærleiken. Musikken er ikkje valgt som bakgrunnsmusikk.
If you can hear some music in the background, it comes from a radio in the room next door. No intention to steel music from anyone...
Sognafæringen
Sognebåten er ein fjordabåt som var lett både å ro og ta på land. Færingen var vanlegast. Han vart, som namnet seier, rodd med fire årar, altså to årepar. Sognebåtane kunne også seglast. Dei vart då rigga med råsegl, som dei gamle vikingskipa.
Desse tjørebreidde og svarte bruksbåtane vart nytta av bønder, fiskarbønder og husmenn langs Sognefjorden til å frakta folk og fe, fôr og andre varer. Som nemnd var Sognafæringen den vanlegast, og her kan ein sjå korleis båtbyggjar Svein Henjesand lagar ein slik færing frå a til å.
More Attractions in Kaupanger